Bertesknapen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 20. mai 2015 kl. 09:12 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (→‎Å kome dit: lenke Terenesvegen)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bertesknapen.
Bertesknapen med flyradarkuppelen.
Foto: Reidar Tveito.
Otra IL hadde med Bertesknapen i sitt 10-toppersopplegg i 2010

Bertesknapen er det høgaste fjellet i gamle Evje kommune. Det er 652 meter høgt og ligg på austsida av Evje, lett å sjå frå Riksveg 9, for det er fjellet med ein flyradar på toppen. Det er merka løyper dit både sommar og vinter, og toppen er godt besøkt av turfolk, sjølv om nokre irriterer seg over radarkuppelen på toppen. Eit gjerde med ulåst port går rundt dei tekniske installasjonane for å halde dyr borte. Flyradaren kom i full drift i 1999.

Å kome dit

For å kome til Bertesknapen kan ein fylgje Terenesvegen som tek av frå Fylkesveg 306 - Gautestadvegen ved Rassevæte, om lag 11 km frå Evje. Vegen går nordvestover på sørsida av Høvringsvatn, men siste del av turen går nesten rett sør gjennom Sintebudalen til toppen. Frå Bertesknapen kan ein mellom anna sjå Årdalsknapen sør i Bygland kommune, Svåbassen og Hillestadheia i Åmli, samt Befjell i Froland.

Aktivitet

Bertesknapen er ein del av turopplegget Ti toppers, som Otra IL organiserer.

Evje halvmaraton, som Otra IL arrangerte første gongen laurdag 4. september 2010 hadde vendepunkt på Bertesknapen. Løpet starta ved Sport 1 på Evje og hadde målgang ved Evje bakeri. Strekningen var 21097,5m og ca 469 høydemeter.

Kilder

Kart

Laster kart...

Eksterne lenker