Hopp til innhald

Setesdalstinget 2011

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. juni 2011 kl. 19:56 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (lenkefiks)

Setesdalstinget 2011 starta onsdag 8. juni 2011 klokka 11 med lunsj og vart avslutta torsdag 9. juni 2011 med lunsj klokka 11.30. Arrangementet var på Hovdestøylen Hotel & Lodge og motto for Setesdalstinget 2011 var «Gjestfri for nye tankar»

Innbyding

Dei fire ordførarane i kommunane som står bak Setesdal Regionråd, Kay Jeiskelid, Bjørgulv Sverdrup Lund, Knut A. Austad og Bjørn A. Ropstad, skreiv i innbydinga:

Arrangementet har som føremål å vidareutvikle det gode samarbeidet mellom kommunane i regionen – men og å vere opne for og budde på morgondagen i distriktet.

Det er ei glede og ære at inviterte gjester, stortingsrepresentantar og fylkesutval/-leiing og andre ressurspersonar sett av tid til å vere med i ordskiftet med oss og dykk i kommunestyra.

Velkomne til tings alle saman!

  • til å vere med å forme samhandlinga lokalt, regionalt og i eit landsdelsperspektiv
  • til å vere med å utløyse potensiale med utgangspunkt i ressursane her.

Konferansier var Styrk Fjærtoft Trondsen

Program onsdag

12.00 Opning av Setesdalstinget

  • Korleis sikrar vi at vi er best rigga til å møte framtida som ein berekraftig region?

Bjørgulv Sverdrup Lund, leiar av representantskapen og styreleiar Bjørn Ropstad

  • Her er vi no!

Frå regionanalyse til felles regional utviklingsplan. Ståstad, gjeremål og aktuelle saker. Signe Sollien Haugå - dagleg leiar

12.30 Nokre tilnærmingar til framtida:

  • 12.30 Frå regionråd til regionkommune?

Matz Sandman – embetsmann og tidligare minister

  • 13.30 Stad, nettverk og nyskapande utviklingsstrategiar. Case frå Stryn og Sogndal.

Arnt Fløysand, professor ved Universitetet i Bergen

  • Kaffi
  • 14.30 Kommunesamarbeid som løysingsstrategi. Kjenneteikn ved Setesdal og moglegheitsromet.

«Røynd rådgjevar» Jørund K. Nilsen - NIVI analyse

  • 15.15 Forventingar og realitetar - kommune- nærings- og distriktspolitikk framover.

Storingsrepresentantane: Svein Harberg (H), Ingebjørg Godskesen (Frp), Freddy de Ruiter (Ap) * og Kjell Ingolf Ropstad (Krf) (om han får godkjenning av utskifting på Stortinget denne datoen).

  • 16.00 Setesdalskommunane – politikk for regional utvikling

Representantar frå Fylkesutvalet

  • Fingermat og kaffi

17.00 Tingsdrøfting – kommunestyrerepresentantane og alle i plenum

  • Kva er viktigast i morgondagens ordskifte om interkommunale samarbeid?
  • Kva set vi som føringar / kriteria – mål?
  • Organisering – representasjon og eigarstyring – eller anna?
  • Arbeid i regionrådsregi framover - ønskje og meiningsytringar?
18.30 Oppsummering
19.00 Møteslutt
19.30 Føredrykk
20.00 Middag

Program torsdag

9.00 Helsenytt

  • Økonomiske avtalar mellom kommunane og Sjukehuset

Administrasjonsleiar Jan Inge Tungesvik / Per Bendixen - KS Agder

  • Lokalmedisinsk senter - forprosjektet. Overordna strategisk utval – Sørlandet sjukehus og kommunane (OSS). Ymse helseprosjekt-info

Prosjektkoordinator Wenche Tangene

10.00 Fylkeskommunen sitt bidrag til regional utvikling i Setesdal

Fylkesrådmann Arild Eielsen

10.30 Kaffi

10.50 Regionrådet Handlingsplan 2011 – informasjon / status

Styreleiar Bjørn Ropstad / dagleg leiar Signe Sollien Haugå

11.20 Avslutning Setesdalstinget 2011

Representantskapsleiar Bjørgulv Sverdrup Lund

11.30 Lunsj

Eksterne lenker