Hovdestøylen Hotel & Lodge

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Hovdestøylen Hotel & Lodge

Hovdestøylen Hotel & Lodge er eit hotell på Hovden. Det ligg om lag 600 meter sør for Hovden sentrum, like ved Otra. Skiløypene på Hovden går like utanfor hotellet, og i sesongen er det gratis buss til alpinbakken. Hotellet har 41 rom, 25 leilegheiter med 6 sengeplassar og 3 leilegheiter med 8 sengeplassar. Hotellet har gratis trådlaust internett. Hotellet vert drive av Hovden Resort ved Bjørn Erling Auestad.

Hausten 2021 skal det skje eit større opprustingsarbeid ved hotellet. Det skal bli bygt om til aktivitetshotell, med konferanseplass til 300 menneske, velværeavdeling, bowling og aktivitetsrom for heile familien. Alle roma skulle også pussast opp. I renoveringsperioden frå 18. oktober 2021 til jul skal hotellet vere stengt. Arbeida er kostnadsrekna til 30 millionar kroner.

Kjelder og eksterne lenker[rediger]