Senumsundet

Senumsundet er eit sund lengst sør i Byglandsfjorden. Sundet er 140 meter breitt, og Senumsund bru går over sundet. På austsida av sundet bygde Byglandsfjord Båtforening båtplassar i 1980. Isgangen i april 2011 reiv med seg akterfortøyningane for 61 båtar.
Senumsundet vert også kalla for Ferjesundet avdi ein her har frakta folk og gods over fjorden i uminnelege tider. På Gullsmedmoen hadde nokre som levebrød sommarstid med å frakte reisande oppetter fjorden til Storestraumen. Her vart dei store båtane dregne over land for så å frakte vidare opp mot Ose, og heilt mot Granheim om elva var lageleg. Dampbåten Dølen hadde også sitt utgangspunkt frå Gullsmedmoen fram til Setesdalsbanen vart opna i 1896.
Det vart anlagt kjerreveg opp til Valle på 1850-talet, og sidan vegen gjekk på austsida mellom Evje og Bygland, var det allikevel naudsynt med ferje over Senumsund. Desse svære båtane vart rodd med handemakt. Etter siste krig fekk ein ei motorisera ferje som drog seg over sundet etter ein wire. Denne kunne take store køyretøy og vart avløyst av ei bru etter 1965. Restar etter Ferjehytta, der ferjemannen budde når han hadde vakt, kan ein ennå sjå på Senumsida.
Kjelde
- Einar Gudmundson: Isen tok akterfortøyningen for 61 båter. Leserinnlegg i Setesdølen nr. 32, 2011 side 6
Kart
<googlemap version="0.9" lat="58.664085" lon="7.807503" type="terrain" zoom="13" width="400"> </googlemap>