Reidar Tveito

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 21. februar 2011 kl. 23:13 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Reidar Tveito)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Reidar Tveito (fødd 1946) er ein tidlegare sagbruksarbeidar med stor interesse for fotografering. Han bur på Byglandsfjord, og gjennom åra har han arbeidd på fleire sagbruk. Han starta på dampsaga på Byglandsfjord i 1970, sidan kom han til SkibsplastEvje og Almedal Sagbruk i Grendi før han kom tilbake til Byglandsfjord SagVassendøya då dei starta opp. Der vart han verande til han pensjonerte seg i 2008.

Albumbøker

Gjennom åra med fotografering har han også fått ei stor samling bilete av både folk og natur, særleg i Nedre Setesdal. Frå 2008 har han gitt ut ei rekke lokalhistoriske albumbøker der han har presentert bileta sine saman med tekst. Fleire av dei har hatt små opplag og vore berekna på den lokale marknaden og er difor alt utselde. I 2010 satsa han 80.000 kroner på ei bok som hadde 208 sider og handla om arbeidsplassane han hadde hatt. -Ikkje mange tek bilete av arbeidsplassen sin, sa han til Setesdølen då boka 50 år på sagbruk. 750 bilder fra et arbeidsliv vart lansert. Til den fekk han støtte både frå Bygland kommune (15.000 kroner), Setesdal Regionråd, Almedal Sag, Byglandsfjord Sag og Årdal skogeigarlag.

Bibliografi

  • Dei høgaste fjell og nutar langs båe sider av Otra (Fjell og nutar, andre del) 2011 ISBN 978-82-998304-3-0
  • Fjell og nutar, fyrste del 2010
  • 50 år på sagbruk. 750 bilder fra et arbeidsliv 2010
  • Stasjon og tog på Byglandsfjord før og nå 2009
  • Fånefjell, Tjovhola og Årdalsknapen 2009 (både norsk og engelsk språk i boka)
  • Blåner i det fjerne 2008
  • Kjente og ukjente navn på Byglandsfjord 2008
  • Hamregruva 2008
  • Horga 2008

Kjelder