Onsdagsprogram Valle Radio 20110119
Onsdagsprogram Valle Radio 20110119 syner programmet i Valle Radio onsdag 19. januar 2011. Øyvind Jacob var ansvarleg for kvelden og teknikar var Inga Flateland. Telefonvakter frå klokka 20:30 var Jorunn Lund Harstad og Torbjørg Hoftuft.
Program
18.00 Aktuell time
Øyvind hadde invitert med seg formannen for Sentrumsforeninga i Valle ,Ørnulf Hasla, i studio for å snakke litt om Valle og Setesdal si framtid. Spesiellt med tanke på utviklinga av folketal og arbeidstilbod, fritidstilbod. Det finst fleire døme på at det er store utfordringar her, men det finst og gode døme på nytenking og kreativitet. Dei hadde og ein telefonsamtale med stortingsrepresentant Svein Harberg (H)fordi han nyleg, saman med omlag 15 andre representantar, har sendt inn ein førespurnad i Stortinget om å få fortgang i saka om motorisert ferdsle i utmark. Det har for nokre år sia vore eit prosjekt der fleire kommunar fekk styre dette lokalt, og konklusjonen var klår på at dette var ein særs egna modell. Men regjeringa har ikkje tatt saka vidare, fordi dei er indre spenningar der vedr. denne saka. No vil Harberg & co prøve å få Stortinget til å presse regjeringa til å handsame saka og legge fram eit lovforslag. Det er ikkje til å kome forbi at dette er ei viktig sak for folk i Setesdal. Elles tok Ø&Ø opp problemet med at ESSO vart stengt denne veka. Det er ikkje greit for Valle å vere utan en nesinstasjon, og Ørnulf kunne melde at det vart arbeitt med å få inn nye drivarar. Førebels er det viktig å få nokon til å ta ansvar for å få fyllt opp tankane med drivstoff så ein i alle høve kan få handla drivstoff med kort. Knut Olav Kyrvestad som eig bygningane har visst tatt fatt i dette.
19.00 Tankar frå Bibelen
Håvard Viki hadde Tankar frå Bibelen denne kvelden.
19.30 Kommunen informerer
Frode Buen var gjest i studio.
20.00 Musikkprogram
Selma Margaret Dahlin og Katrine Johnsen vel musikk og kosepratar
20.30 Øyvinds halvtime
21.00 Opi sending
Rolf Erik Homme og Henri Tore Viki hadde programmet.