Henri Tore Viki

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Henri Tore VikiSymbol unrelated.svg
Henri Tore Viki.jpg
Født: 9. mai 1964 (56 år)

Henri Tore Viki (fødd 9. mai 1964 i Kristiansand) er skulefagleg ansvarleg i Valle kommune. Han var lærar på Hylestad skule frå 1996 til 2015. Han budde i Kristiansand til han var 12 år, deretter har han budd i Valle. Han gjekk på Hornnes gymnas, var russ i 1983. Deretter jobba han på anlegg og med salg. I 1992 begynte han på Kristiansand lærerhøgskole. I 1996 fekk han jobb på Hylestad skule.

Han har sidan 2007 vore saman med Rolf Erik Homme i å ha programmet Open sending i Valle Radio. Han er og leiar av fotballgruppa i Valle IL: Han var gift med Ingunn Mosdøl og har to gutar med henne. Fram til 31. desember 2014 var han hovudtillitsvald for Utdanningsforbundet og lokallagsleiar for dette i Valle kommune, han gjekk frå 1. januar 2015 over til å arbeide som skulefagleg rådgjevar for kommunen.