Setesdølen

foto:Siri Johannessen
Setesdølen er ei avis som har kome ut i Bygland sidan 1975. Avisa kjem ut tysdag og fredag og vert redigert på nynorsk. Redaktør er Sigurd Haugsgjerd, som også er den største private eigaren. Han har vore redaktør det meste av tida, men i ein periode då han hadde permisjon for å arbeide i NRK, delte Paal Vollen og Bjørn Mikal Lothe oppgåva som bladstyrar.[1]
Kommunane i Setesdal eig 49% og private eig 51% av avisa. Avisa er spesiell ved at den har over 100% dekning i utgjevingskommunen.
Avisa speglar politikk, kulturliv og næringsliv i Setesdal og dei indre bygder på Agder. At avisa framleis har opplagsauke sjølv om den har opp mot 100% dekning i Setesdal, trur redaktør Sigurd Haugsgjerd kan skuldast at fleire hyttefolk abonnerer på avisa eller kjøper henne. Dei vil fylgje med i det som skjer i området der hytta ligg.
Journalistar
Setesdølen har hatt ei rekke journalistar i si teneste.
- Ole Birger Lien til mai 2010
- Helene Horverak frå august 2010
- Sigbjørn Høidalen
- Ole Aa. Brattfjord
Opplag
Sjå også
Ekstern lenke
Referansar
- ↑ Sigurd Haugsgjerd: Bjørn Mikal Lothe til minne. Minneord i Setesdølen 5. mai 2009 side 2.
- ↑ «Avisenes leser- og opplagstall for 2006» fra Mediebedriftenes Landsforening, publisert 12. februar 2007
- ↑ «Avisenes leser- og opplagstall for 2007» fra Mediebedriftenes Landsforening, publisert 14. februar 2008