Otrahallen AS
Otrahallen AS er eit aksjeselskap med føremål å eige og drive Otrahallen i Hornnes. Hallen stod ferdig i 1985.
Otra IL er største aksjonær i selskapet med 60 % av aksjekapitalen. Evje og Hornnes kommune har 12,5 % eigarandel. Resten av aksjane er spreidde på ei lang rekkje mindre lokale lag og foreiningar og Bygland kommune.
Otrahallen AS vart skipa i 1982. Frå 1985 til i dag (2014) har Odd Harald Robstad vore styreleiar.