Evje og Hornnes Sogelag
Utsjånad
Evje og Hornnes Sogelag vart stifta i 1994. Formålet til laget er å vekkje, auke og spreie interesse for lokal historie. Laget skal òg vere eit støtte lag for Evje og Hornnes museum. Laget har om lag 150 medlemmer og gjev ut årsskriftet Arnstein. Laget har og gjeve ut særskrifter. Kvart år arrangerer laget to turar der ein kan sjå nærare på stader av lokalhistorisk interesse. Den første turen er i regelen 2. pinsedag, medan den andre er på hausten. Alle som vil kan vere med på desse turane.
Styre
I 2013 var desse med i styret: Bernt Gautestad, Erik Kjebekk, Olav Kiland, Rita Flottorp og Eva Haugen Sørgaard.[1]
Leiarar
Hefter
Sogelaget har gjeve ut og har for sal desse hefta:
- Olav Arne Kleveland, Flot nikkelgruve - Evje nikkelverk
- Olav Arne Kleveland, Gjennombrotet for arbeidarrørsla i Evje (hovudoppgåve i historie)
- Erik Kjebekk, Misjon og vekking i ei sørlandsbygd
- Erik Kjebekk, Haugerørsla i Evje og Hornnes
Referanser
- ↑ Årsmøte i Evje og Hornnes sogelag. Artikkel i Setesdølen nr. 25, 2014 side 3