Homevannsevja
Utsjånad

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn
Homevannsevja er ei lita utviding i Otra langs Gåseflåvegen, omtrent midtvegs mellom Gåseflådammen i nord og Iveland kraftverk i sør.
Otra gjer ein slyng på seg ved Homevassevja. Det var ein frykta plass så lenge tømmeret blei flota nedover elva. Her kunne det fort sette seg «brote» der fleire tusen stokkar setta seg fast i ein vase.
Setesdalsbanen gjekk forbi her og gjennom Homevassevja tunnel. Ved vestre enden av Homevannsevja er det ei lita steinkvelvbru og ein svær trappetrinnsmur der banen gjekk over ein liten bekk.
Nasjonal Sykkelrute nr. 3 følger Gåseflåvegen forbi staden. Her ligg også Homevassevja vaktarbustad.
Kjelder
- Norgeskart.no
- Salve Øina, Brev frå ei øy, eige forlag, 2018, side 194