Homevassevja vaktarbustad
Homevassevja vaktarbustad var bustadhus for Setesdalsbanen sin baneformannen på strekninga ved Homevassevja i Vennesla.
For ettersyn og vedlikehald av jernbanelina var banen delt inn i avdelingar, med ei gjennomsnittleg lengde på om lag 5 km. Det var i alt 16 slike. Kvar avdeling hadde ein baneformann og ein eller fleire banevaktarar. Dei fleste baneformennene og vaktarane var rekrutterte i nærleiken av den avdelinga dei hadde oppsyn med. Dei kunne då ha bustad i eksisterande bygningar rundt omkring. Men nokre få avdelingar låg svært avsides til. Då var det nødvendig å bygge ein eigen bustad for baneformannen. Slik vart det gjort ved Homevassevja.
Bustaden her hadde først stått i Kiledalen i Hægeland under anleggsperioden. Sidan blei han flytta til Homevassevja. Ei tid etter nedlegginga av banen i 1962 blei huset seld til private.
Kjelder
- Roar Olsen (red.), Fra gamp til damp. Setesdalsbanen - de første hundre år, utgjeve av Stiftelsen Setesdalsbanen, 1996, side 131