Nordigard Tveiti

Foto: Geir Daasvatn
Nordigard Tveiti er eit gardsbruk (Valle gnr. 53 bnr. 1) i garden Tveiti i Valle. Husa ligg på ei flate om lag ein kilometer oppover (austover) i terrenget frå Riksveg 9 ved Harstadberg. Heimelshavar (2026) er Olav Jan Tveiten (f. 1953).
Historie
Nordigard Tveiti var tingstad lenge, på 1700- og 1800-talet, medan Olav Knutsson Tveiten var lensmann. Tveitetunet, det gamle tunet på bruket, blei i 1977 opna som museum. Eit område på om lag 10 mål er skild frå bnr. 1 til dette føremålet.
Kjelder
- Alfred Ryningen, Valle kommune III Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 265–279