Hopp til innhald

Bratteland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 24. januar 2026 kl. 07:16 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bildetekst)
Bratteland på 1950-talet, Nordstog til venstre. Bilete frå Setesdalsmuseet. Trykt i Heimar og folk i Bykle (2006) b III s 54.

Bratteland er ein nedlagt gard (gnr. 9) i Botnen ved Botsvatn, i Nordbygdi i Bykle. Garden ligg aust for Dysje, og er den austlegaste av dei gamle gardane i Botnen. Han blei fråflytta i 1950-åra. Seinare blei mykje av jorda neddemd då Botsvatn blei regulert på midten av 1970-talet.

Etter 1850-talet var det to bruk på Bratteland, Nordstog og Systog. Nordstog var også mykje kalla Klubben.

Kjelder

Kart

Laster kart ...


🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.