Mannspann (Kyrvestad)

Foto: Geir Daasvatn
Mannspann er eit gardsbruk (Valle gnr. 43 bnr. 1) i garden Kyrvestad i Valle. Husa ligg lengst sør av bruka i garden, og noko lenger oppe i bakken enn dei andre. Heimelshavar (2024) er Ingebjørg Sagneskar Austenå.
To tun
Mannspann hadde tidlegare to tun, eitt nede på sletta der det framleis er og eitt lenger oppe i bakkane som heitte Heggjebakken. Om vinteren sat dei nede på sjølve garden. Når våren kom flytta dei opp i det andre tunet. På det viset slapp dei å frakte høyet dei slo oppe i bakkane ned til hovudtunet. Dei slapp òg å køyre gjødsla opp dei lange og tunge bakkane.
Kulturminne
Stogehuset er vedtaksfreda i 1923. Det er truleg frå siste del av 1600-talet. Loftet er under same tak som stogehuset. Årstalet 1687 står over bursdøra.
Kjelder
- Alfred Ryningen, Valle kommune IV Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 323–331
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VIII, Kultursoge 2, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 75
- Elektronisk grunnbok hos Statens Kartverk