Garane grendehus

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 22. november 2025 kl. 17:48 av Siri J (diskusjon | bidrag) (Siri J flytte sida Gardane grendehus til Garane grendehus over ei omdirigering: navn som brukes av grendelaget)
Hopp til navigering Hopp til søk

Gardane grendehus vart bygd i 1994. Opningsfesten var 6. januar 1995. Huset vart bygd av Konsmohus og finansiert av Faråfondet, eit fond på ca. 600.000 kroner som Valle kommune hadde fått til turistutvikling i Hylestad etter utbygging av Faråne. Adressen er Gardane grendefelt 12.

Huset er grendehus for Gardan, det vert nytta til ulike samlingar, både offentlege og private. Drifta vert finansiert av basarar og husleige. Styreleiar i 2018 var Trygve Brokke, med i styret var Irene Brokke, Torbjørg Hovet, Laura Berg og Jorunn Synnøve Uppstad, med Knut T. Brokke som varamann.

Grendelaget skriv sjølv namnet som Garane grendehus og Garane grendelag.

Kjelder

Kart

Laster kart ...



Kyrkjer og forsamlingshus i Valle kommune
Hylestad kyrkje · Valle kyrkje
Broderheimen bedehus · Oveinang grendehus · Nomeland bedehus · Valle menighetshus
Fjellro grendehus på Hovet · Gardane grendehus på Brokke · Hylestad soknehus
Treungen grendehus på Helle · Homme og Tveitebø grendehus