Halvdan Furholt
| Halvdan Furholt | ||
|---|---|---|
| Født: | 2. mars 1931 | |
| Død: | 30. april 2024 (93 år) | |

Halvdan Furholt (fødd 2. mars 1931 i Vegusdal, død 30. april 2024) var lærar og spelemann.
Han budde på Nodeland i Songdalen, der han var tilsett ved Songdalen ungdomsskole frå 1967 til 1995, ti av desse åra som rektor. Han hadde lærarutdanning med musikk og engelsk som tilleggsfag. Han tok til å spele trekkspel i 6-7 årsalderen. Då han kom på realskulen, skifta han over til hardingfele. Han lærte dei første slåttane av broren Otto Furholt, av han fekk han og låne den første fela. Då kan kom til Hornnes landsgymnas, møtte han spelemenn frå Setesdal og han lærte mykje av Andres K. Rysstad, som hadde spelemannskurs på Hornnes.
Han var med første gong på Setesdalskappleiken på Byglandsfjord i 1950. Sidan var han med mest kvart år. Han var også med på landskappleiken, fyrste gong på Nesbyen i 1955, og andre kappleikar rundt om i landet. Han spelte til bryllup, festar og samkomer i ungdomslag og fylkesstemner på Agder. Han var med som spelemann for leikarringen frå Kristiansand på utanlandsturar til både Aust-Tyskland og Vest-Tyskland.
Halvdan var gift med Laila Furholt, dei hadde dottera Ragnhild Furholt, som følgjer opp folkemusikktradisjonane. Saman med henne og broren Otto Furholt gav han ut albumet Agderkrullar (1981). Han var òg med på plata Fra den sørlandske folkesjel (1984) som domorganist Bjarne Sløgedal gav ut. Halvdan Furholt gav sjølv ut CD-plata Agderslåttar i 2002. Han var leiar av Songdalen Mållag i ei årrekkje, av Vest-Agder Mållag fleire år i 1980-åra.
Heider
- Kongens Fortenstmedalje 2001
- Songdalen kommune sin kulturpris 2001
- Æresmedlem i Vest-Agder Mållag i 2001
- Æresmedlem i Landslaget for Spelemenn i 2007.
- Heidersmedlem i Setesdal spelemannslag 2011
- Vest-Agder fylkes kulturpris 2012
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd: Den einaste felenestoren. Artikkel i Setesdølen nr. 61, 2011 side 3
- Svein Hovet: Halvdan Furholt. Artikkel i Feleljom frå dalom side 97–99