Ragnhild Furholt

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Ragnhild FurholtSymbol unrelated.svg
Ragnhild Furholt.jpg
Med boka Folkesong i Vest-Agder.
Født: 26. januar 1959 (60 år)

Ragnhild Furholt (fødd 26. januar 1959) er høgskolelektor på Høgskulen i Telemark. Ho har vore tilsett ved folkemusikkstudiet sidan 1989. Ho er cand. mag. frå UiO og HiA med faga nordisk, folkeminnevitskap og musikkvitskap, og har mastergrad i kulturstudiar. Ho underviser i song, dans og ulike teoretiske emne om folkemusikk.

I tillegg til å vere solist, har Ragnhild Furholt etablert Ragnhild Furholt trio. Der har ho med seg Anders Røine og Elisabeth Vatn. Ho er frå Songdalen, dotter til Halvdan Furholt, men bur i Bø i Telemark. Ho deltok på Setesdalsfestivalen 2016 på konserten laurdag 6. august 2016.

Utgjevingar[rediger]

  • Agderkrullar (1981) med Halvdan og Otto Furholt
  • Segner Syng (Grappa, 1997)
  • …På alle strengjer (Lærdal musikkproduksjon, 2001)
  • Lån meg vengjene (Talik, 2007)
  • Folkesong i Vest-Agder utgjeve på Portal forlag 12. mai 2016

Heder[rediger]

  • Vinnar av landskappleiken i kveding fire gonger, kongepokalen i 2001
  • Spellemannsprisen 1997 for CDen «Segner Syng»
  • Statens arbeidsstipend for folkekunstnarar 1999 og 2007

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]