Heddistoga

Foto: Harald Haugland
Heddistoga er ei lafta tømmerstoge som står like bak Hylestad soknehus. Her budde spelemannen og læraren Knut Jonson Heddi. Stoga vert nytta under Setesdalskappleiken til undervisning og intimkonsertar. Sida som vender mot nord har ikkje vindu, på sørsida er det eit vindu i kvart av dei to stogeroma.
Kjelder
- Vilborg Stubseid Hovet, Knut Jonson Heddi, artikkel i Setesdal. Folk, kunst og tradisjon, Grøndal & Søn Forlag AS, 1980, side 162–173
- Gunnar Lande og Hallvard T. Bjørgum, Setesdal Spelemannslag 50 år. 1930-1980, 1981, side 176–190
- Alfred Ryningen, Valle kommune I Gards- og ættesoge Hylestad, utgjeve av Valle kommune, 1985, side 359–362