Minnesteinen ved Hornnes kyrkje
Minnesteinen ved Hornnes kyrkje er ein bautastein reist til minne om dei honndølane som mista livet under fridomskampen 1940-1945. Steinen står rett utanfor kyrkja og kyrkjegardsmuren, til venstre for kyrkjegardsporten.
Steinen vart reist av honndølane rett etter krigen. Han blei då plassert ved Hornnes stasjon, ein stad i bygda som på denne tida var mykje vitja. Framfor steinen var det plen og blomsterbed. Men etter at Setesdalsbanen vart lagt ned i 1962, samla bygdefolket seg ikkje lenger ved stasjonen. Det vesle parkanlegget rundt steinen forfall. Evje og Hornnes kommunestyre avgjorde då at minnesteinen skulle flyttast opp til kyrkja. Dette skjedde rundt 1970.
17. mai kvart år vert det lagt ned blomar ved bautaen til minne om dei som døydde.
Namna på minnesteinen
- Jon Hornnes 1904-1944
- Alfred Skaiå 1920-1944
- Jørgen Tambini 1893-1942
Kjelder
- Vert minnebautaen i Hornnes flytta?, artikkel i Fædrelandsvennen i april 1970, skriven av Torbjørn Hansen, Hornnes