Skorpetveit

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 21. oktober 2024 kl. 05:52 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til en kategori)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Skorpetveit med den gamle Postvegen. Riksveg 9 til høgre.
Skorpetveit 26. november 2018. I området her er det avdekka eit gamalt gardsanlegg med sikre tufter og mange rydningsrøyser.
Foto: Geir Daasvatn

Skorpetveit er ein stad langs Riksveg 9 nord i Valle, aust for Reimarmoen. Skorpetveitfjellet stig stupbratt opp frå dalbotnen.

Kulturminne

Det er synlege spor etter fleire tidlegare vegar i området. Postvegen gjekk ganske høgt oppe i lia her, ovafor dagens Rv-9. Det er også avdekka eit gamalt gardsanlegg, med sikre tufter og mange rydningsrøyser, i bruk i vikingtid og mellomalder. I gards- og ættesoga for Valle er det lagt til grunn at Skorpetveit opphaveleg var ein sjølvstendig gard. Dreng Skorpetveit skal ha budd på garden på slutten av 1500-talet. Han skal ha kome i konflikt med Vonde-Åsmund Rygnestad. Vonde-Åsmund oppsøkt Dreng med væpna menn. Det enda med at Dreng drukna i Otra då han flykta frå Vonde-Åsmund. Fossen sør for garden, Drengsfossen, skal ha fått namn etter denne hendinga.

Kjelder

Eksterne lenker

Kart

Laster kart ...