Hopp til innhald

Nordåni (Skreland)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 1. oktober 2024 kl. 23:04 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
Nordåni rett nedanfor Nordåni småkraftverk i Jordalsbø.
Nordåni med [Nordstemmen

30. september 2024.

Foto: Geir Daasvatn

]]

Nordåni er ei elv i området rundt Skreland og Jordalsbø i Bygland kommune. Elva renn ut av Asbjørnstølvatn på heia nord-aust for Skreland, sørover lia aust for Skreland og vidare nedover i terrenget på vestsida av busetnaden i Jordalsbø, før ho renn ut i den større Søråni ved Åmøte, om lag 1,5 km aust for Bygland sentrum. Dei to elvene renn saman det siste stykket ned til Byglandsfjorden, og kallast då Kvålsåna.

Fallet i Nordåni nyttast til kraftproduksjon i Nordåni småkraftverk på Jordalsbø. Kraftverket har ikkje eige magasin, men nyttar vatnet i elva.

I eldre tider blei elva kalla Skrelandsåna.

Kjelder

Eksterne lenker

Kart

Laster kart ...