Fredagssending i Valle Radio 20240517
Fredagssending i Valle Radio 20240517 er sida til sendinga i Valle Radio fredag 17. mai 2024. Det var femte gang Valle Radio hadde sending på grunnlovsdagen, og Jørund Georg Jore, Kjetil Carolis Jore, Ørnulf Hasla og Siri Johannessen var med på teknisk side av den.
Foto: Siri Johannessen
Program
- 10.30 Ordførar Lars Tarald Myrum sin tale på bygdeheimen, Astrid Nomeland og Torunn Charlotte Nyberg fortalde så om stemninga inne på heimen, og om biltoget
- 12.00 Lyd og bilete frå messa i Valle kyrkje med prest Toralv Frøysaa Lie og organist Knut Olav Uppstad
- 12.45 Thomas Flateland og Lukas Helle frå 9. klasse på Valle skule held tale og legg ned krans ved bautaane over eidsvollsmann Olav Tveiten og motstandsmannen Knut O. Bø,
- 14.30 Ljod og bilete frå kulturprogrammet i kultursenteret: Kulturinnslag ved elevar og leikarring frå Valle kulturskule. Tale for dagen ved Karin Haugen.
- Allsong: «Ja, vi elsker dette landet»
Etter at kulturprogrammet var ferdig, takka Valle Radio for seg og ynskte alle ein god 17. mai vidare.