Sandpiper
Sandpiper var ein militær operasjon som blei sett i verk i Milorg sitt Distrikt 18 (Agder) frå desember 1943. Ei gruppe på fire kommandosoldatar vart 10. desember 1943 sleppt ned frå fly aust for Monsvatn i Langeidsheia/Rysstadheia i Setesdal Vesthei. Dei var Jens Ropstad (leiar), Jacob Eikanger (nestkommanderande), Arthur Fosse (våpeninstruktør) og Leif Bjørn Tofte (telegrafist).
Oppgåvene var mellom anna å opprette radiosamband mellom landsdelen og forsvarsleiinga i Storbritannina, drive instruksjon i våpenbruk og geriljateknikk, reorganisere kampgrupper, legge til rette for sabotasje av kommunikasjoar, finne eigna slepplassar for våpen og utstyr og ta imot og lagre dette. Dei skulle kort sagt freiste å bygge opp att motstandsarbeidet i landsdelen, etter at det hadde vore meir eller mindre lamma sidan opprullinga av Laudalsorganisasjonen i 1943.
Etter ei tid i fjellheimen nord i Bygland flytta karane seg til ei hytte i Kalvedalen, om lag fem kilometer nord-aust for Austegard i Åseral. Her blei hovudkvarteret oppretta. Dei fekk setta opp ein radiostasjon med kontakt til England. Arbeidet med å bygge opp ein ny militær geriljahær i området kunne ta til.
Kjelder
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 550–556
- Kristen Taraldsen, Med livet som innsats, utgjeve på Agdin Forlag, Arendal 1985, side 7–11