Krona

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 24. desember 2023 kl. 22:54 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Krona er ein tidlegare husmannsplass ved Skjerkevegen, to–tre kilometer nord for gardsbruka på Uleberg i Dåsvannsdalen i Hornnes. Plassen blei bygsla første gong rundt 1850. Han skal ha hatt sitt eige bruksnummer (bnr. 7), noko som skulle tyde på at han har vore eige gardsbruk ein gong. I dag er eigedomen slege saman med Der auste (bnr. 5).

Kjelder