Storofsen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. august 2023 kl. 08:02 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Språkpuss)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Storofsen er det namnet ettertida har gitt den store flaumen i Otra sist på 1700-talet, kanskje den verste flaumen som nokon gong har vore i Setesdal. I nokre kjelder (Monen) er det sagt at Storofsen i Setesdal var i 1793. Men den største kjende flaumen i Norge, som er kalla Storofsen i ettertida, var i 1789. Den flaumen var hardast på Austlandet, men forplanta seg også heilt til Sørlandet og Otravassdraget.

Otra gjorde uboteleg skade ned gjennom vassdraget. Skadene var så store at bøndene i dei mest flaumskadde områda, mellom anna Hegland, Frøysnes og Skomedal, fekk skattefritak i fleire årtider etterpå. Det skal vere under denne flommen at Osefita blei forma, av lausmassar som kom ovanfrå.

Kjelder