Møyberglia feltspatgruve

Foto: Geir Daasvatn
Møyberglia feltspatgruve er ei nedlagt gruve på heia aust for Åvesland i Evje, på nordsida av Gautestadvegen, rett ved innkøyringa til Einerkilen.
Historie
Gudbrand Henriksen, son til oberst Henriksen som starta opp Flåt nikkelgruve, skal ha kjøpt gruva i Møyberglia rundt 1902. Det ligg ikkje att så store skrotfyllingar (steinfyllingar) etter gruvedrifta her. Mykje av steinen skal ha blitt brukt som fyllmasse då vegen til Einerkilen blei bygd rundt 1948. Kanske noko også blei brukt til fylkesvegen til Gautestad.
Kjelder
- Erik Kjebekk, Feltspatkompaniet - hundre år sidan starten, artikkel i Arnstein 2013, side 57–67