Findalslaft

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 18. mars 2023 kl. 10:03 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ekstern lenke)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Eitt av hjørna på Haugenloftet.

Findalslaft er ein spesiell lafteteknikk, ein måte hjørna er hogne saman på, som bare er kjend før år 1350. Det er særmerkt i findalslaftet at halsen er i nederste halvdelen av stokken. Halsen passar som hand i hanske til orhogget i den kryssande stokken under.

Ved at denne laftemåten bare er kjend frå før 1350, veit ein så godt som sikkert at bygningar som er bygde slik må vere frå mellomalderen (før Svartedauden). I Setesdal gjeld det mellom anna Haugenloftet i Åraksbø, HeimigardsløaRysstad og Gamlestog Nordigard Rygnestad.

Namnet findalslaft har ikkje noko med Finndalen å gjere. Det kjem frå det gamalnorske ordet fyrnd, som tyder «gammalvoren».

Kjelder

Eksterne lenker


🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.