Findalslaft
Hopp til navigering
Hopp til søk

Eitt av hjørna på Haugenloftet.
Foto: Geir Daasvatn
Findalslaft er ein spesiell lafteteknikk, ein måte hjørna er hogne saman på, som bare er kjend før år 1350. Det er særmerkt i findalslaftet at halsen er i nederste halvdelen av stokken. Halsen passar som hand i hanske til orhogget i den kryssande stokken under.
Ved at denne laftemåten bare er kjend frå før 1350, veit ein så godt som sikkert at bygningar som er bygde slik må vere frå mellomalderen (før Svartedauden). I Setesdal gjeld det mellom anna Haugenloftet i Åraksbø, Heimigardsløa på Rysstad og Gamlestog Nordigard Rygnestad.
Namnet findalslaft har ikkje noko med Finndalen å gjere. Det kjem frå det gamalnorske ordet fyrnd, som tyder «gammalvoren».
Kjelder
- Olav Bø (red.), Setesdal. Folk, kunst og tradisjon, Grøndahl & Søn Forlag AS, Oslo 1980, side 117
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VIII, Kultursoge 2, Valle kommune, 1994, side 19
Eksterne lenker
- 🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.