Signe Hovet
| Signe Hovet | ||
|---|---|---|
| Født: | 6. februar 1916 | |
| Død: | 28. mai 2017 (101 år) | |
Signe Olsdotter Hovet (fødd 6. februar 1916 på Hovet i Hylestad, død 28. mai 2017 i Valle) var dotter til Olav Hansson Hovet (1866–1932) og Gyrid Jonsdotter Bjørgum (1872–1968). Ho vart døypt av prest Tønnesen i Hylestad kyrkje 12. mars 1916, og konfirmert av prest Brun 19. april 1931 same staden.
Ho var yngst i ein syskenflokk på 11, der eldstemann Hans (1896–1896) døde som barn. Signe Hovet var ikkje gift, og budde på Hovet i Valle med sine sysken Hans Hovet, Anne Hovet og Targjerd Hovet. Ho budde på Valle Bygdeheim den siste tida. Ho har hatt mykje av arbeidslivet sitt i helse- og omsorgssektoren og arbeidde mellom anna som sjukepleiar både i USA og i Noreg. 6. februar 2016 vart 100-årsdagen hennar markert då Steinar Kyrvestad, ordførar i Valle kommune, troppa opp med telegram frå Kongen.
Gravferda var frå Hylestad kyrkje fredag 9. juni 2017 klokka 13. Ho etterlet seg nieser og nevøar og annan familie.
Sysken: Hans Hovet (1896-1896), Gyro Løyland (1896-1990), Gunvor Sonoda (1898-1996), Anne Hovet (1900-1998), Gro Afzelius (1902-1986), Hans Hovet (1905-1998), Ingebjørg Brokke (1907-2001), Targjerd Hovet (1909-2003), Birgit Byklum (1912-2009) og Sigrid Glåmseter (1914-1992).
Kjelder
- Aust-Agder fylke, Hylestad i Valle, Klokkerbok nr. B 2 (1875-1921), Fødte og døpte 1914-1916, side 83, nr. 2.
- Aust-Agder fylke, Hylestad i Valle, Klokkerbok nr. B 3 (1921-1948), Konfirmerte 1931, side 82, nr. 1.
- Ole Birger Lien: Signe runda 100 og fekk telegram frå Kongen. Artikkel i Setesdølen nr. 12, 2016 side 7
- Dødsannonse i Fædrelandsvennen lørdag 3. juni 2017 side 57
- Dødsannonse i Setesdølen torsdag 8. juni 2017 side 2
- «Signe Hovet»