Hommsfjødd

Foto: Geir Daasvatn
Hommsfjødd er eit svært fjell (950 moh.) like nord for grenda Homme ca. tre kilometer nord for Valle sentrum. Setesdal lagar ein sving her, og går eit stykke i retning aust-vest. Hommsfjødd ligg difor «på tvers» av hovudretninga i dalføret. På toppen av fjellet stikk det opp ein karakteristisk knatt, kalla Hommstol. Her skal det ha vore vete i gamle dagar. Høgda på toppen av knatten er 1034 moh. I vestre enden av Homsfjødd ligg det mykje mindre, men meir kjende fjellet Einang.
Kjelder
- Gardskart på nett
- Valle, kapittel i Norges Bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, AS Norsk Faglitteratur, Oslo 1956, side 726
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 78