Hommsfjødd

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Hommsfjødd sett frå Tveitebø.

Hommsfjødd er eit svært fjell (950 moh.) like nord for grenda Homme ca. tre kilometer nord for Valle sentrum. Setesdal lagar ein sving her, og går eit stykke i retning aust-vest. Hommsfjødd ligg difor «på tvers» av hovudretninga i dalføret. Bak toppen av fjellet stikk det opp ein karakteristisk knatt, kalla Hommstol eller bare Stol. Her skal det ha vore vete i gamle dagar. Høgda på toppen av knatten er 1034 moh. I vestre enden av Homsfjødd ligg det mykje mindre, men meir kjende fjellet Einang.

Det er merka turløype til Hommsfjødd.

Kjelder

Eksterne lenker

Kart

Laster kart...