Bykle & Hovden Vekst

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. januar 2022 kl. 12:00 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (OPpdatert)
Hopp til navigering Hopp til søk

Bykle og Hovden Vekst AS er eit heileigd kommunalt selskap. Selskapet skal arbeide med nyskaping og vidareutvikling av eit aktivt næringsliv i Bykle kommune. Reiseliv er hovudnæringa i kommunen, med Hovden som veletablert turistsenter. Signe Sollien Haugå var tidlegare dagleg leiar. Styreleiar var Frode Verpe. Pr. 2021 er Torvald Gautland dagleg leiar, og Arve Andersson styreleiar. Det er ikkje fast tilsette.

Føremål

I Brønnøysundregisteret er selskapet sitt føremål skildra slik:

«Å drive aktiv og forretningsmessig næringsutvikling i Bykle kommune samt å fremme og utvikle Hovden som et turist- og reiselivsmål. Selskapet kan også delta som aksjonær eller annet i selskaper og aktiviteter som fremmer eller understøtter disse formål. Selskapet skal også kunne tilby administrative tjenester til konsernselskaper og eier.»

Historie

Bykle og Hovden Vekst AS har tidlegare hatt tilsette. Dagleg leiar (2011) var Kjell Pedersen-Rise. Selskapet hadde då to prosjektleiarar, Ingvild Hovden og Jostein Rysstad. Dei hadde kontor i næringsbygget ved sida av rådhuset i Bykle.

Kjelder