Riksveg 9 Skomedal



Riksveg 9 Skomedal var eit vegprosjekt som gjekk ut på å bygge 3250 meter ny veg på Rv-9 forbi Skomedal i Bygland. Den nye veglina blei lagt i lia ovafor busetnaden i grenda. Arbeidet starta opp 17. oktober 2016. 23. oktober 2017 var det offisiell opning. Då gjenstod framleis noko arbeid utanfor sjølve vegbanen. Eit toppdekke med asfalt skulle leggast våren 2018. Utbygginga kosta rundt 72 millionar kroner. Entreprenørfirmaet Br. Thorkildsen frå Vanse i Vest-Agder var hovudentreprenør. Autovern Montasje frå Lyngdal monterte rekkverk. Nomeland Anlegg knuste massar. Uppstad Anleggservice på Rysstad og Almås Graveservice på Evje utførte gravearbeid. Jegteberg Entreprenør på Hovden var også underleverandør. Agder Vegmerking stod for oppmerkinga. Vasland Maskin på Byremo utførte boring, sprenging og knusing. Oppdragsgjevar var Statens vegvesen. Byggeleiar for Vegvesenet var Solvor Kleggetveit.
Kjelder
- Om prosjektet Rv-9 Skomedal på nettsida til Statens vegvesen
- Johs. Bjørkeli, Gul stripe fra Kristiansand til Hovden i 2024, artikkel i Fædrelandsvennen 30. desember 2016, side 18-19
- Annonsar i tilknytning til vegprosjektet i Setesdølen nr. 75, 2017, side 6-8
Eksterne lenker
- Geir Daasvatn sine bilete frå den offisielle opninga av parsellen 23. oktober 2017
- Nyhetssak om oppstart Rv-9 Skomedal på Fvn.no
- Facebook-sida til Br. Thorkildsen