Jegteberg Entreprenør
Hopp til navigering
Hopp til søk
Jegteberg Entreprenør er eit entreprenørfirma med hovudkontor på Hovden. Selskapet har også avdelingskontor i Sørlandsparken i Kristiansand. Verksemda har spesialisert seg på bygging av hytter, hus, driftsbygningar til landbruket, samt betongarbeider til kraftindustrien og vegsektoren. Det er nær på 30 tilsette tømrarar og betongarbeidarar i firmaet. Robert Jegteberg starta opp verksemda i 2000. Han har seinare seld sin eigarpost, og eigarar i dag er Jan Aanund Wiig og Knut Sigurd Lian.