Der oppe Nomeland (Valle gnr 64 bnr 5)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. februar 2021 kl. 14:24 av Siri J (diskusjon | bidrag) (Siri J flyttet siden Der oppe Nomeland (Valle gnr. 64 bnr. 5) til Der oppe Nomeland (Valle gnr 64 bnr 5) uten å etterlate en omdirigering)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Loftet på bnr. 5.

Der oppe Nomeland er eit gardsbruk (gnr. 64 bnr. 5) på Nomeland i Hylestad i Valle. Husa ligg på oversida (vestsida) av Riksveg 9, like nord for Hylestad skule. Til bruket høyrer også fleire heieteigar i Setesdal Vesthei. Her er det fråskilt mange hyttetomter dei seinare åra. Heimelshavar til eigedomen er (2017) Knut H. Nomeland (f. 1952).

Dei gamle våningshusa på bruket er borte. Men det står eit eldgamalt loft her. Loftet er truleg bygd før Svartedauden (før år 1350), og er automatisk freda.

Historie

Nomeland blei dela i to om lag like store partar truleg like før år 1600. Der oppe blei då den øvre halvparten av garden. Den nedre delen var det som i dag er bnr. 1 på Nomeland. Den første heimelsmannen var Sigurd Torjusson Nomeland.

Kjelder



🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.