Onsdagsprogram Valle Radio 20100908
Onsdagsprogram Valle Radio 20100908 lister programmet i Valle Radio onsdag 8. september 2010.
Program
- Ansvarleg: Bjørgulv T. Berg
- Teknikar: Torhild Sandnes
- Telefonvakt: Berit Homme og Ingebjørg Ellinor Rysstad
- 18:00 Aktuell time med blant anna besøk frå Setesdal folkehøgskule
- 19:00 Tankar frå Bibelen ved Torleif Harstad
- 19:30 Kommunen informerer ved Elise Marie Kringen
- 20:00 Bjørgulvs time med gjester: Kirsten Bråten Berg kjem med ny plate
- 20:30 Såvi Nomeland jubilerer
- 21:00 Opi sending med Rolf Erik Homme
Aktuell time
Sendinga starta med ein samtale mellom Bjørgulv T. Berg og Valle Radio sin redaktør Ørnulf Hasla. Dei presenterte aktuelle ting om radioen: Nettsida på Facebook og bloggen til Harald Haugland. Vi har og fått tre nye teknikarar som vil prøve seg i haust: Liv Gunn Viki, Anna Stella Karlsdottir og Kåre Rike. Dei skal ha opplæring i haust, men frå nyttår vil dei gå inn i turnus.
I vår var radiostaben på besøk i NRK Sørlandet, der var det sjølvkjør, men Valle Radio vil ikkje ha det, for ein vil ha eit sosialt fellesskap. No har ein fått opptaksutstyr som gjer at programleiarane kan kome rundt i bygda. Ein er oppteken av å kome rundt til lag og foreningar og lage opptak når det er høveleg.