Grøssæ
Grøssæ er eit stort vatn i Setesdal Austhei (721 moh.), på grensa mellom Bygland og Fyresdal. Lengda er fem kilometer. Arealet er 4,32 kvadratkilometer. Ut av vatnet og sørover til Topsæ renn Grønåne. Grøssæ er såleis ein del av Tovdalsvassdraget. Då det blei drive tømmerfløyting i Tovdalselva, blei Grøssæ regulert med Grøssæstemmen.



Turløype
Den merka nord-sørgåande turløypa til Aust-Agder Turistforening (AAT) mellom Bykle og Åmli passerer forbi Grøssæ på austsida av vatnet.
Fornminner
Langs heile Tovdalsvassdraget er det funne spor etter menneskeleg aktivitet frå både eldre og yngre steinalder. Ved Grøssæ er det mellom anna funne ein buplass med restar av steinkol frå eldre steinalder.[1]
Naturreservat
21. juni 2019 blei eit område vest for Grøssæ over Gardefjellet og området sørover mot Topsæ og nordover til Gjeddevatn verna og fekk namnet Gardefjellet naturreservat.
Kjelder
- Artikkelen om Grøssæ på Wikipedia, besøkt 4. juli 2017
- Norgeskart.no
Referansar
- ↑ Johan Christian Frøstrup (red.), Vandringer i Setesdal Austhei, Friluftsforlaget, 2014, side 257 og side 260-261