Gottlob Ferdinand Reinhardt
Hopp til navigering
Hopp til søk
Gottlob Ferdinand Reinhardt | ||
---|---|---|
Født: | 1783 | |
Død: | 16. september 1847 (alder 63–64) |
Gottlob Ferdinand Reinhardt (fødd 1783 i Würtemberg i Tyskland, død 16. september 1847) var kjøpmann i Kristiansand, der han dreiv handelshuset Reinhardt. Ved sida av å drive handel, var han verftseigar, skipsreiar, trelasthandlar og bankdirektør med meir.[1] Reinhardt var såleis ein av dei store gründerane i byen, og eit framståande medlem av handelsstanden.
Reinhardt sette også, saman med fleire andre investorar, i gang med gruvedrift etter kopar i Straumsheia i Hylestad og i Bøgruva i Valle, med tilhøyrande smeltehytte, Det Sæthersdalske Kobberværk, i Åraksbø i Bygland. «Industrieventyret» i Setesdal enda i fiasko, då Kobberverket gjekk endeleg konkurs i 1860. Reinhardt sjølv var då allerede død for mange år sidan, i 1847.
Kjelder
Referansar
- ↑ Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 78