Auver Stavenes
Auver Olsson Stavenes (fødd 1. april 1889 i Bykle, død 1960) var kjøpmann på Flateland i Oveinang i Valle og underoffiser. Han var gift med Gyro P. Stavenes (fødd Brokka). Foreldra var Olav Auversson Stavenes og Hæge Gjermundsdotter, fødd Byklum.
Familien flytta litt rundt, men slo seg ned som landhandlarar på Flateland i 1929. Då kom dei frå Ose.
Krigsinnsats
Under andre verdskrigen kom Auver med i både Milorg og XU. Butikken på Flateland blei ein sentral innsamlingsstad for informasjon om det som gjekk føre seg i Setesdal. 20. januar 1943 blei Auver arrestert av tyskerane, og frakta til Kristiansand. 15. februar 1943 blei han overført til Grini fangeleir. Her sat han til freden kom.
Kjelder
- Johan Christian Frøstrup og Bjørn Davidsen, Aust-Agder under okkupasjonen. Glimt fra krigsårene 1940-1945, Friluftsforlaget, 2. utgave 2018, side 423
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 559-560
- Alfred Ryningen, Valle kommune VI Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, side 256-257