Hopp til innhald

Sydalen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 7. desember 2018 kl. 12:53 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til et par kategorier)
Fil:Sydalen Dåsvandsdalen 121012 (11).JPG
Sydalen sett nordover frå Skotet, der Yksenåna kjem ned i dalen frå Yksenskor. Foto: Geir Daasvatn
Parti frå Sydalen, litt nord for kleiva opp til Yksenskor. Lindeknollen i bakgrunnen. Sydalen er døme på vill natur i Hornnes.

Sydalen er eit sidedalføre til Dåsvannsdalen i Hornnes, i nord-vestre del av Evje og Hornnes kommune. Området ligg i indre del av Dåsvannsdalen, like nord-aust for Dåsvatn. Gjennom Sydalen renn elva Sya. Frå Yksenskor på austsida av Sydalen renn Yksenåna ned i Sydalen i ein høg foss, og sluttar seg til Sya.

Garden Yksenskor ligg mellom fjella på austsida av Sydalen. Det kom kjøreveg fram til garden, frå Håvestøl i Åseral, først rundt 1979. Fram til då var tilkomsten frå Dåsvatn gjennom Sydalen og opp ein veldig bratt stig det siste stykket (Skotet).

Eksterne lenker

Om Sydalen og Yksenskor på Moisund.com

Kart

Laster kart ...