Hopp til innhald

Bjørklund (Evje og Hornnes gnr. 1 bnr. 41)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 13. september 2018 kl. 11:31 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet en kategori)

Bjørklund er ein eigedom (gnr. 1 bnr. 41) på Senum i Hornnes. Kringlemoen med Kringlemoen gravfelt, Fagersand og store delar av Runebergmoen høyrer til eigedomen. Det er også ein teig litt lenger vest, oppover i Bjørndalen på vestsida av Horgeknipen. Våningshuset blir i dag nytta som fritidsbustad. Heimelshavar (2018) er Eivind Ose (f. 1958).

Historie

Olav Danielson Ose (f. 1853, d. 1930) eigde Senum bnr. 1. I 1928 fekk han skild frå parsellen Bjørklund frå hovudbruket. Han selde garden til sonen Olav, medan han sjølv og kona Durdi flytta til Bjørklund.

Kjelder