Tjovehedderen turløype






Tjovehedderen turløype. Denne turvegen tek til nede ved riksveg 9 og endar oppe i Tjovehedderen, nokså høgt oppe i fjellsida. Turlengde er om lag 400 meter, og ein treng eit par timar på turen. Terrenget er bratt, men ikkje farleg, men gode sko er å anbefale. Stien er godt merka, og er tydeleg sidan mange går her. Sidan 1999 har Statens Kartverk nytta namnet Tjovehedderen, medan vanleg omtale framleis er Tjuvehola.
Turvegen
Eit par par km. nord for Byglandsfjord og like sør for Neset Camping, der er det eit stort og lett synleg grustak like inntil riksvegen. Det er her denne turvegen byrjar, og her er det også parkeringsplass for bilar. Det er Neset Camping som merker og ryddar denne turvegen for eigne gjester og andre som vil opp.
Berre 50-60 meter oppe i stien er det laga til ein liten kvilestad for dei som heller vil venta medan dei sprekare tek turen heilt opp. Om ikkje veret er for turt, så renn det vatn i ei drikkerenne like ved. Vegen vidare er stort sett bratt, og ein må trø litt varsamt om det har regna. Dette er eit frodig område med varmekjære plantar og tre, og der stien kryssar under høgspentlina, der var det ein gong ein frukthage. Når sjølve Tjovehedderen kjem til synes, så held ein seg på høgre side til ein er oppe. I staden for raud måling som er mest vanleg, så er det her nytta orange merking av di det er lettare å sjå for dei som er fargeblinde. Oppe frå hola er det flott utsikt over Byglandsfjorden og ut mot Byglandsfjord og Revsnes Hotell
Tjovehedderen
Ein meiner at havnivået ein gong har vore så høgt som hit, og at bylgjer har vaska ut dårlegt fjell. Kan hende det også er andre forklåringar om korleis denne store opninga i fjellet har oppstade. Opninga er 15 meter brei og 12 meter høg, og hola går om lag 30 meter innover og stig bratt opp mot taket. På høgre side i opninga er det også to mindre holer. Den utrasa massen gjev god voksterplass for eik og andre varmekjære lauvtre, og dei gjorde at Tjovehedderen ikkje var så synleg om sommaren. Grunneigar Olav Neset sørgjer stadig for å redusera tilveksten såpass at hola nå også er synleg for vegfarande heile året.
Sjå også
Ekstern lenke
Kjelder
- Morten Rød: Bygland- camping, oppvekst, plast og vindkraft. Agderposten.no 27. september 2012. Dannelsesreisen
- Ørnulf Hodne: Jutulhogg og riddersprang. Grøndahl forlag 1990, side 105. Nasjonalbiblioteket