Valletunet
Valletunet er eit planlagt nytt kombinert forretnings- og leilegheitsbygg ved Riksveg 9 rett nedanfor (vest for) Valle sentrum. Selskapet UNO AS ved Gunnar Greibrokk frå Hornnes står bak utbygginga. Det er planen at Coop skal inn i bygget med ein stor matvarebutikk. Margit Dale på Systog Dale planlegg kafé og butikk for lokal mat. Det skal også vere fleire bueiningar i bygget.
Forretningsbygget Valletunet må ikkje forvekslast med tunet der mellom anna Valle kommunehus og Valle Sparebank ligg. Det blei også i si tid kalla Valletunet.