Leif Kvinlog
| Leif Kvinlog | ||
|---|---|---|
| ||
| Født: | 30. august 1954 (71 år) | |
Leif Kvinlog (fødd 30. august 1954 i Fjotland) er skulefagleg rådgjevar for Bykle og Valle frå september 2011. Han har kontor i Bykle.
Han tok lærarutdanning på Notodden, der han var ferdig i 1978. Deretter var han administarsjonslærar på Møsstrond skule i åtte år. I 1986 kom han til Valle som lærar på Valle skule, der han etter kvart vart inspektør. I 1996 vart han rektor, ei stilling han hadde til 2008. Sidan hadde han ulike jobbar, mellom anna var han rektor på Laudal skule i Marnardal eitt år.
Leif Kvinlog har vore sterkt engasjert i Folkeakademiet og var leiar i Valle Folkeakademi i mange år. Han var også leiar for Folkeakademiet Agder og i 2004 blei han vald inn som styremedlem i Folkeakademienes Landsforbund for fire år. Han stod saman med Inger Aamli for å få i gang Kulturveka i Valle. Han er tildelt Folkeakademienes Hedersdiplom. Han var og engasjert i Valle Radio heilt frå starten.
Kjelde
- Opplyst av Leif Kvinlog i samtale 10. oktober 2012
- Leif Kvinlog i Folkeakademienes Landsforbund. Artikkel i Setesdølen nr. 45, 2004 side 3
