Ola Breivegen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 22. juli 2017 kl. 17:21 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Fødselsår på barna)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ola Breivegen
Ola Breivegen ca. 1960.
Foto: Ukjend. Frå Ingebjørg Vegestog si samling/Lokalhistoriewiki
Født: 1912
Død: 1991 (alder 78–79)

Ola Breivegen (fødd 1912, død 1991) var oppsynsmann i Njardarheim med bustad i Brotteli ved Botsvatn, og seinare damvoktar for Otteraaens Brugseierforening med bustad på Hovden.

Ola var frå Ringebu i Gudbrandsdalen. I 1948 blei han gift med Margit Breivegen (fødd Kvaslerud, frå Grungedal i Telemark). I 1951 flytta dei til Bjåen. Ola arbeidde då som reingjetar for Bykle reinsamlag. I 1952 blei han jaktoppsynsmann i Njardarheim, som var styrt av Landbruksdepartementet. Han flytta med familien til Brotteli. Bruk av garden var ein del av løna. Etter tre år i Brotteli bar det vidare til Hovden.

Ola Breivegen hadde ei sterk poetisk åre, meiner Olav M. Holen[1]. Dette skal ha resultert i mange dikt og prosastykke. Men lite er publisert.

Ola og Margit hadde borna Per Breivegen (f. 1948, d. 2005), Olav Breivegen (f. 1952, d. 1997) og Gunn Marit Breivegen (f. 1956).

Kjelder

Referansar

  1. Olav M. Holen, Nordbygdi - slik ho var, 2. utgåve, 2013, side 161