Nedre Kviplassen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 14. juli 2017 kl. 19:15 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet skrivefeil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Nedre Kviplassen, også kalla Kvinen, var ein husmannsplass på austsida av Kvifjorden, i fjellheimen heilt vest i Bygland, i garden Hegland si mark. Næraste nabo var garden Kvinen, over grensa til Sirdal og Vest-Agder.

Nedre Kviplass er nemnt i skriftlege kjelder første gong i 1751. Hans Osmundsen er den første kjende brukaren. Den neste husmannen var Aslak Aslakson Sinnes frå Sinnes i Sirdal. I 1800 gjorde han eit bytte med Tellef Tarjeison Suleskar, som hadde vore i Pytten frå 1796. No bytta dei plassar, slik at Tellef kom til Nedre Kviplassen medan Aslak flytta til Pytten.

I 1967 blei Kvifjorden demd opp i samband med Sira-Kvina-utbygginga. Dei gamle hustuftene i Nedre Kviplassen kom under vatn. Noko av det gamle jordet er framleis synleg.

Kjelder