Harald Kjetså
Harald Kjetså (fødd 1945, død 11. april 2017) arbeidde i ei årrekke ved Hornnes kyrkje og var i fleire år tilsett i Evje Steinindustri. Han var gift med Eva Kjetså. Dei budde på Nymonen på Kjetså. Han vart gravlagt frå Hornnes kyrkje 21. april 2017.
Harald og Eva hadde borna Jon Toralf Kjetså, Laila og Hugo Kjetså. Foreldra til Harald var Jon P. Kjetså og Dagny Kjetså (fødd Nilsen). Han hadde brødrene Nils Peder Kjetså, Jon Dagfinn Kjetså og Magne Kjetså.
Kjelder
- Dødsannonse i Fædrelandsvennen 19. april 2017, side 37
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemnd, 1969, side 382
- Artikkel om Evje Steinindustri med omtale av Harald Kjetså på Moisund.com