Besteland Der hite (Valle gnr. 71 bnr. 2)
Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn
Der hite er eit nedlagt gardsbruk (gnr. 71 bnr. 2) på Besteland i Hylestad, heilt sør i Valle. Der hite er eitt av dei tre opphavelege hovudbruka i garden. Desse bruka ligg litt opp i dalsida, og er på kart kalla Øvre Besteland. Ein kjem dit ved å følge Bestelandsvegen ca 800 meter oppover i terrenget frå Riksveg 9 nede på flata. I gards- og ættesoga for Hylestad, utgjeve 1985, skriv Alfred Ryningen at husa står tome. I dag (2017) er det tidlegare våningshuset i bruk som fritidsbustad. Ingebjørg Sigurdsdotter Helle er heimelshavar.
Kjelder
- Alfred Ryningen, Valle kommune I Gards- og ættesoge Hylestad, utgjeve av Valle kommune, 1985, side 37-46
- Kart og opplysningar i grunnboka på nettsida til Statens Kartverk