Besteland Der hite (Valle gnr. 71 bnr. 2)

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Det tidlegare våningshuset, i dag fritidsbustad.
Dei gamle uthusa på bruket.
Foto: Geir Daasvatn

Besteland Der hite er eit nedlagt gardsbruk (gnr. 71 bnr. 2) på Besteland i Hylestad, heilt sør i Valle. Der hite er eitt av dei tre opphavelege hovudbruka i garden. Desse bruka ligg litt opp i dalsida, og er på kart kalla Øvre Besteland. Ein kjem dit ved å følge Bestelandsvegen ca 800 meter oppover i terrenget frå Riksveg 9 nede på flata. I gards- og ættesoga for Hylestad, utgjeve 1985, skriv Alfred Ryningen at husa står tome. I dag (2017) er det tidlegare våningshuset i bruk som fritidsbustad. Ingebjørg Sigurdsdotter Helle, busett på Hosle i Bærum, er heimelshavar. Ho er dotter av polarforskaren Sigurd Gunnarson Helle (1920-2013). Han var fødd i Hylestad, og hadde overteke Der hite på Besteland då søskenbornet Helga Helle døydde i 1971.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...